
Ørjan Kalsaas har sagt opp jobben i Moelven Foto: Moelven
Sist oppdatert: 05-06-2025 Pressemelding
Har sagt opp stillinga si som adm. dir.
Ørjan Kalsaas har sagt opp stillinga som adm. dir. ved Moelven Granvin Bruk AS. Han går til ein ny jobb utanfor Moelven.
- Vi vil takke Ørjan Kalsaas for ein lang og innhaldsrik periode som leiar ved Moelven Granvin Bruk AS.
- Han har styrt selskapet godt sidan han tok over i 2016 og vi kan ikkje anna enn å ha respekt for at han no ønskjer nye utfordringar utanfor Moelven, seier Lars Storslett, divisjonssjef i Moelven Wood og styreleiar i Moelven Granvin Bruk AS.
Blir ut november
Kalsaas vil halde fram som adm. dir. ut november i år, før han deretter startar i ny jobb. Styret startar no prosessen med å finne ny leiar for bruket.
- Dette har vore ei avgjerd som eg har måtte tenkje mykje over, og det er med tungt hjarte eg har valt å seie opp ein så spennande og givande jobb.
- Det er stas å få leie ei så aktiv gjeng med dyktige medarbeidarar som vi har her på Granvin og eg kjem til å sakne både folka, og sjølvsagt det å jobbe i verdas beste duft; eit sagbruk ved fjorden.
- Etter snart ni år i same rolle var eg klar for eit nytt spor i karrieren min, seier Ørjan Kalsaas, adm.dir. ved Moelven Granvin Bruk AS.
Fakta om Moelven Granvin Bruk AS:
Moelven Granvin Bruk AS har 35 medarbeidarar og produserer trelast av gran. Dei bearbeider om lag 90.000 kubikkmeter tømmer kvart år. Produkta inkluderer standarddimensjonar som blir brukt til konstruksjon og emballasje.
Anlegget har eit internt høvleri og eit grunningsanlegg for grunning av kledning. Mykje av dei høvla produkta blir selt på den norske marknaden gjennom Moelven Wood AS.