HENT Bygger Blått bygg i Bodø
Interiørillustrasjon av HENT AS sitt løsningsforslag for Blått bygg ved Nord universitet. Ill: HENT
Sist oppdatert: 08-04-2021

HENT skal bygge Blått bygg ved Nord universitet i Bodø

Statsbygg har i følge en pressemelding valt HENT AS sitt løysingsforslag til den nye satsinga ved Nord universitet i Bodø.

– Vi er godt fornøgde med vinnarforslaget. No gler vi oss til å utvikle det vidare saman med HENT og Nord Universitet, seier byggherredirektør Marius Tunstad i Statsbygg.

Løysingsforslaget til HENT var eitt av to som vart leverte i anbodskonkurransen for Blått bygg. Prosjektet vil bli svært viktig for Nord universitet si satsing på både hav og helse. Bygget vil sette universitetet i stand til å styrkje den marine og helsevitskaplege kompetansen i heile Nord-Noreg.

Nybygg og ombygging
Det er Kunnskapsdepartementet som har gitt Statsbygg i oppdrag å utarbeide eit forprosjekt for Blått bygg.

Bakgrunnen for oppdraget er at dagens lokale ved Nord universitet ikkje er store nok. Dei er heller ikkje tilpassa dagens krav til funksjonalitet og standard for å kunne drive undervisning og forsking på høgt internasjonalt nivå.

HENT Bygger Blått bygg i Bodø
Innvendig ser HENT for seg bruk av tre i sitt løysingsforslag. Ill: HENT

Oppdraget omfattar eit nybygg for fakultet for biovitskap og akvakultur med eit nettoareal på 5000 kvm, og ei ombygging av eit frigjort bruttoareal på 1680 kvm for fakultet for sjukepleie og helsevitskap.

Kontraktssummen er på 315 millionar kroner.

Blir utvikla fram mot sommaren

Arbeidet med å utvikle vinnarforslaget til eit ferdig forprosjekt vil gå føre seg fram til sommaren. Byggestart avheng av at Stortinget løyver midlar til dette over statsbudsjettet.

Kontraktsforma for prosjektet er totalentreprise med løysingsforslag. I det ligg det at HENT AS både teiknar korleis prosjektet kan sjå ut og foreslår korleis det kan byggast. Dei vil då også stå for bygginga av prosjektet, føresett stortingsløyving.