Kampanjen er utforma som annonser i dagspressa retta mot huseigarar med oppussingsbehov. I kampanjemateriellet er det ulik informasjon, både video og skriftleg materiale.
– Målet med kampanjen er tredelt: vi ønskjer å redusere handlingsrommet og profitten til kriminelle aktørar, auke marknadsandelen i forbrukar-markanden for seriøse bedrifter med fast tilsette fagarbeidarar og lærlingar, fortel Mamen. Foto: Fair Play Oslo og Omeng
Sist oppdatert: 08-03-2022

Lanserer kampanje mot bedrageri i forbrukarmarknaden

Kvart år blir vi kontakta av fortvilte huseigarar som er utsett for bedrageri av useriøse handverkarar. Mange har betalt ut store beløp, mens det er utført lite arbeid eller arbeidet er av svært dårleg kvalitet.

– Det er store pengar å tene for personar som med overlegg svindlar huseigarar med oppussingsbehov. Mange av desse reiser rundt i Oslo og Akershus-området med løpesetlar eller ringer på dører og tilbyr oppussingstenester, gjerne med «rabatt».

-Typisk er det eit nyoppstarta føretak og ingen tilsette, seier Lars Mamen, dagleg leiar i Fair Play Bygg Oslo og omegn, i en ,melding. 

– Dei som utfører arbeidet i desse føretaka arbeider ofte svart under svært dårlege forhold, bedriftene betalar sjeldan mons, skatt eller andre avgifter, og huseigarane som kjøper tenester av slike blir ofte utsett for press om å betale ut store beløp på forskot.

-Ikkje sjeldan blir huset utsett for skadar av ukvalifiserte handverkarar.

– For å hindre at fleire huseigarar blir offer for denne type svindel, lanserer Fair Play Bygg Oslo og omegn ei kampanje retta inn mot forbrukarmarknaden der vi informerer om farane ved å bruke useriøse handverkarar, korleis ein skal velje rett handverkar og kva ein bør gjera dersom ein er uheldig og kjøper handverkartenester av ein som viser seg å ikkje vera seriøs, seier Mamen.

Kampanjen er utforma som annonser i dagspressa retta mot huseigarar med oppussingsbehov. I kampanjemateriellet er det ulik informasjon, både video og skriftleg materiale.

– Målet med kampanjen er tredelt: vi ønskjer å redusere handlingsrommet og profitten til kriminelle aktørar, auke marknadsandelen i forbrukar-markanden for seriøse bedrifter med fast tilsette fagarbeidarar og lærlingar, og ikkje minst bevisstgjere forbrukarane om verdien av kvalitetshandverk og farane ved å kjøpe handverkstenester av ukvalifiserte og useriøse handverkarar, fortel Mamen.

Sjå kampanjesida her:

Fair Play Bygg Oslo og omegn er ein organisasjon som arbeider mot arbeidslivskriminalitet ibygg- og elektrobransjane.