– Vi har auka ramma for kor mykje kvar hybeleining kan kosta, og vi har gitt større fleksibilitet til samskipnadene, sier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel.Foto: Ragne B. Lysaker / Regjeringen
Sist oppdatert: 18-03-2024 Pressemelding 

Gir 657 millioner til studentboliger

I 2024 gir regjeringa pengar til 1650 studentbustader. Målet er at enda fleire studentar skal ha en trygg og rimeleg plass å bu.

- Å bygge fleire rimelege studentbustader er eitt av dei viktigaste grepa vi tek for å gi studentane betre økonomi og ein trygg stad å bu. Målet vårt på sikt er å bygge 3 000 nye bustader i året.

- Da må vi få opp byggetempoet, og det tek vi fleire grep for å få til, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel.

Fleire studentbustader i Oslo

Prosjektet som får mest er Studentsamskipnaden i Oslo med 201,5 millionar kroner til 480 nye hybeleiningar på Nordberg i Oslo.

- Leigeprisane i Oslo held fram med å auke kraftig. Derfor vil vi bygge ut bustadtilbodet til studentane i og rundt hovudstaden, slik at færre treng å leige bustad på den private leigemarknaden.

- Samtidig vil regjeringa bidra til ein trygg og føreseieleg leigemarknad. I Bustadmeldinga, som regjeringa nettopp har lagt fram, kjem det fleire målretta tiltak som også vil komme studentane til gode, seier Hoel.

Tiltak har gitt fleire søkarar

Det har vore ei utfordring å få nok byggeklare søknader dei siste åra. Regjeringa har derfor gjennomført fleire tiltak for å få fleire til å søke om tilskot til studentbustader.

- Vi har auka ramma for kor mykje kvar hybeleining kan kosta, og vi har gitt større fleksibilitet til samskipnadene. Det har hatt god effekt på søkartala, og det er eg veldig fornøgd med.

- Saman med ein fornya og styrka leigemarknadspolitikk vil regjeringa også vurdere andre tiltak som bidreg til fleire studentbustader framover, seier Hoel.

Aptly Tilvalgsportal - Digitalisert tilvalgs tjeneste ved boligkjøp

I tillegg har regjeringa i 2024 auka låneramma i Husbanken med 5 milliardar kroner, til 29 milliardar kroner.

Det er ei auke på 50 prosent sidan regjeringsskiftet i 2021. 2,1 milliardar av ramma blir prioriterte til studentbustader.

I Bustadmeldinga vil regjeringa føreslå endringar som gjer ordninga for husbanklån til utleigebustadar betre. Regjeringa vil auke bruken av tilvisingsavtalar, slik at kommunen får fleire utleigebustadar.

Regjeringa vil også redusere talet på konfliktar gjennom eit effektivt og kompetent husleigetvistutval, og gi Husbanken ei nasjonal fagrolle for leigemarknaden, som vil kome både myndigheitene og kommunane til gode.

Slik blir midlane til dei 1650 hybeleiningane fordelte

15 byggeprosjekt, fordelte på fem studentsamskipnader og ei bustadstifting får pengar i 2024. Samskipnadane søkte om tilskot til totalt 2 203 hybeleiningar. 15 av dei 17 prosjekta som har søkt får innvilga tilskot.