NYBYGG Veterinærinstituttet og Veterinærhøgskolen flytta i 2020 frå Adamstuen i Oslo til Ås. Her er dei nå samlokaliserte i eit nybygg ved Noregs miljø og biovitskaplege universitet.
NYBYGG Veterinærinstituttet og Veterinærhøgskolen flytta i 2020 frå Adamstuen i Oslo til Ås. Her er dei nå samlokaliserte i eit nybygg ved Noregs miljø og biovitskaplege universitet. Foto: Statsbygg
Sist oppdatert: 31-01-2022

Vinner av den gylne hjelm

Statsbygg har tildelt prisen Den gylne hjelm 2021 til Campus Ås-prosjektet. Prisen blir kvart år gitt til eit prosjekt som har utmerkt seg med godt arbeid for sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA).

Prisen blir tildelt internt i Statsbygg, men heng likevel høgt å få. Med rundt 100 byggeprosjekt i arbeid, er konkurransen stor. Prisen er også blitt ei drivkraft for å jobbe innovativt for trygge arbeidsplassar og gode arbeidsforhold for alle.

Byggeprosjektet på Campus Ås får prisen for sitt bidrag til forsking på SHA i samarbeid med Multiconsult, der vurderingar og leveransar i prosjekteringsfasen blei haldne saman med uønskte hendingar i byggefasen over ein periode på tre og eit halvt år.

Utviklingsprosjektet resulterte i ein nyttig rapport med 10 anbefalingar som kan brukast av heile bransjen, både prosjekterande, byggherre og entreprenørane.

– Denne type utviklingsprosjekt er viktig for å sette søkelys på korleis dei prosjekterande kan bidra til trygge byggeplassar alt i planleggingsfasen, seier Knut Aaneland i Multiconsult, i en melding. 

– Det blei tidleg klart for oss at sikker produksjon handlar om å forstå heile produksjonskjeda, frå oppstart prosjektering til ferdig bygg.

Isobygg - Best på blåseisolering

-Samarbeidet med Statsbygg har vore svært godt, og så vidt vi veit har det ikkje vore gjennomført tilsvarande studiar over eit så langt tidsrom.

Som eit ledd i prosjektet tok fem studentar på NMBU masteroppgåvene sine innanfor SHA på Campus Ås. Multiconsult fungerte som fagleg rettleiar og mentor, mens Statsbygg la forholda til rette ved å opne Campus Ås for studentane og gi dei tilgang til nøkkelinformasjon og personell.

Det same gjorde hovudbedriftene. Dette resulterte i eit godt samarbeid mellom Statsbygg, Multiconsult og alle entreprenørane som var prega av openheit og tillit.

– Campus Ås-prosjektet har også fått prisen for svært godt SHA-arbeid på ein stor og komplisert byggeplass.

-Det har vore få alvorlege hendingar med stort skadepotensial, etter mange års bygging av Veterinærbygget og dei tilknytte byggeprosjekta på campus, seier Tanja Dugstad, SHA-leiar i Statsbygg.